Nancy Faeser, innanriksministeren i Tyskland, seier at regjeringa vil skjerpe knivkontrollane og avgrense støtta til ulovlege innvandrarar, melder AFP.
Dette skjer etter eit knivåtak i byen Solingen førre veke, som har fått debatten om asyl og deportasjon av ulovlege innvandrarar til å blussa opp i landet.
– Å bere knivar vil i dei fleste tilfelle vere forbode på festivalar, sportsarrangement og anna liknande arrangement, sa Faeser.
Landet vil òg nekte ytingar til innvandrarar som skal deporterast til andre EU-land.