Minst 23 personar er omkomne og 5,7 millionar menneske er ramma av flaum som følge av monsunregn og overfløymde elver i Bangladesh, melder NTB.
Nesten ein halv million menneske har søkt tilflukt i tilfluktsrom i dei ramma områda, ifølge styresmaktene. Elleve distrikt er ramma.
Flaumen truar avlingane dersom flaumvatnet blir liggande ei stund, ifølge landbruksdepartementet i landet.