Fire personar er redda ut av eit hus i delstaten Kerala i India, tre dagar etter at det gjekk eit jordskred i området, skriv Reuters.
Minst 195 menneske er døde etter skredet. Nesten 200 er framleis sakna.
Kraftig regn førte til at store mengder med gjørme, vatn og steinblokker raste ut medan folk låg og sov.
Dette er den verste katastrofen i delstaten sidan flaumane i 2018.