Personen, som blei skadd i ei fallulykke i Ålesund tidlegare i dag, er bekrefta død. Det melder politiet. Dei opplyser vidare at pårørande er varsla.
Politiet i Møre og Romsdal meldte om ulykka klokka 09.17 i dag. Ifølge politiet er det snakk om ei arbeidsulykke der personen skal ha falle innandørs.