Tolv personar mista livet då eit hus blei tatt av eit jordskred i Kina. Det melder NTB.18 menneske blei tekne av raset, som gjekk i byen Hengyang i Huan-provinsen. Seks blei henta ut i live, tolv døydde, melder den statlege kringkastaren CCTV.
Kina er ramma av store nedbørsmengder etter tyfonen Gaemi. Gaemi er no nedgradert frå tyfon, men fører enno til mykje nedbør sør i Kina.
Meir enn 27.000 personar er evakuerte nordaust i Kina.