For å få bukt med låge søkartal, er SV opna for å fjerna masterkravet.
– Me er villige til å vurdera om me skal gå bort frå kravet om mastergrad i lærarutdanninga, seier SVs stortingsrepresentant Mona Fagerås til VG.
Tal frå Samordna opptak viser at 112 av 204 lærarutdanningar i Noreg ikkje får fylt opp studieplassane sine.
Fagerås fortel til VG at SV er opne for å sjå på korleis utdanninga er strukturert, men møter motstand frå Venstre, Høgre og Senterpartiet.
Regjeringa ønsker no ein diskusjon om tilpassing av mastergraden.