Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for styrtregn i delar av Austlandet.
Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokal overfløyming og jord og flaum-skred i områda kor styrtregnet treffer. Det er også fare for stengde vegar og lokalt vanskelege køyreforhold.
Meteorologane rår folk til å halda seg oppdaterte på vêret og halda seg unna bratte skråningar og bekkar med høg vassføring.
Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, skriv dei på sine nettsider.