Tyske styresmakter har forbode ein muslimsk organisasjon og skuldar dei for islamistisk ekstremisme.
Både Det islamske senteret i Hamburg (IZH) og tilknytte grupper blir forbodne, opplyser innanriksdepartementet i ei pressemelding onsdag.
Onsdag morgon var 53 lokale knytt til organisasjonen ransaka av styresmaktene.
– Denne islamistiske ideologien strir i mot menneskeverd, kvinners rettar, eit sjølvstendig rettsvesen og demokratiet, sa innanriksminister i Tyskland Nancy Faeser.
Tysk etterretning meiner IZH er ein ekstremistisk organisasjon som er kontrollert av Iran. I pressemeldinga står det også at IZH støttar Hizbollah-militsen i Libanon.