Forsøpling og mikroplast finst i heile Barentshavsområdet og påverkar sjøfuglar og dyreliv. Det viser ein ny rapport frå Miljødirektoratet.
Saman med Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt har Miljødirektoratet gått gjennom eksisterande kunnskap om forsøpling og Mikroplast i Barentshavet.
Mykje tyder på at omfanget aukar. skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.
– Kunnskapen me no har samla viser at me er nøydde til å vera føre var og setja inn tiltak som sikrar at Barentshavet har god miljøstatus også i framtida, seier Kjersti Gram Andersen, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.