Under minneseremonien for terrorangrepet 22. juli, oppfordra AUF-leiar Astrid Hoem til å kjempa hardare mot ekstremisme.
I talen minna ho om at mange unge i dag veks opp utan å hugsa angrepet for 13 år sidan.
– Tidlegare i år blei det avdekka at fleire tenåringar planla terror i Noreg. Fleire av dei høgreekstreme. Folk som vart fødde i 2011, planlegg terror 13 år etter, sa ho.
AUF-leiaren oppfordra unge til å vera med å skapa eit før og eit etter i kampen mot ekstremisme.
– Me treng deg. Du som ikkje har eigne minne frå 22. juli. Men som kan vera med å skriva historia vidare, sa ho.