Ein mann fall ned 75 meter under klatring på Kvanndalstind i Rauma, melder politiet. Pårørande er varsla. Mannen blei erklært død på staden, før han blei henta ut med redningshelikopter. Ein annan person som var med og klatra, skal ha blitt tatt vare på av helsepersonell. Politiet opplyste fyrst at ulukka var på Venjetindan.