Ein mann er dømd til fire års fengsel, med fem dagars frådrag, og til å betale ein massør 250.000,- i erstatning, etter å ha forsøkt å valdta vedkomande på eit massasjestudio i Bergen.
Han skal også ha utvist seksuelt krenkande åtferd eller anna uanstendig oppførsel mot ein annan behandlar ein annan stad ved eit seinare tidspunkt same år.
I Hordaland tingrett blei mannen dømd til å betale 240.000,- i erstatning til massøren og til fengsel i fire år og éin månad. Han anka dommen og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen.
No er det klart at Gulating lagmannsrett har valt å forkaste anka, og halde på dommen frå tingretten. I tillegg må mannen betale erstatning på 250.000,- til massøren.