Fire israelske angrep på Gaza-skular har vorte stadfesta, på berre fire dagar.
Det siste slo ned i ein flyktningleir. Minst 29 palestinarar er drepne i angrepet.
Det israelske militæret (IDF) hevdar å ha brukt «presis ammunisjon» i dette området for å angripa «ein terrorist frå Hamas si militære fløy» som tok del i angrepet 7. oktober.
– IDF ser på rapportar om at sivile har vorte skadde i nærleiken av al-Awda-skulen, skriv ein talsperson på Telegram.