17-åringen som er sikta for drap i Bergen er lauslaten og send til tvangsplassering på barnevernsinstitusjon, skriv BA.17-åringen vart saman med ein 21 år gamal mann og ei 23 år gamal kvinne sikta for drap etter at ein 18 år gamal mann vart funnen død i Bergen sentrum i fjor.
Dødsfallet vart først omtalt av politiet som eit overdosedødsfall, men vart koda om til drap i april.
Dei tre var først sikta for å ha etterlete den avdøde i hjelpelaus tilstand, men etter omkodinga av dødsfallet vart siktinga endra til drap.17-åringen har sete varetektsfengsla sidan midten av mai, og vart framstilt for fengsling på nytt måndag denne veka, skriv BA.
Politiadvokat Eli Andrea Skaar seier til BA at dei ikkje kjem til å anke avgjersla om å lauslate 17-åringen.
Ho understreker at dette ikkje betyr at mistanken mot han er svekka.