Jacob Mæhle (31) blir ny finansbyråd i Bergen. Byrådsleiar Christine Meyer presenterte nyheita på ein pressekonferanse torsdag.
– Det er ingen løyndom at jobben som finansbyråd er krevjande, spesielt no. Det blir viktig å jobbe med mange parti, både på innsida av byrådet og på utsida. Vi må bruke mindre pengar, og bruke dei på ein smartare måte. Bergen skal vere ein by ein har lyst til og råd til å bu i, seier Mæhle.
Han er utdanna siviløkonom frå NHH, og kjem frå jobben som strategisk rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen.
Han blei presentert ein månad etter at Eivind Nævdal-Bolstad gjekk av som finansbyråd. Årsaka han oppgav var at han hadde gått utover sine fullmakter i utnemninga av kommunens styrerepresentantar i ulike selskap.
Mæhle er tidlegare bystyrerepresentant for Høgre i Bergen, og har også vore leiar av Hordaland Unge Høgre.
Han bur i Oslo med kone Anne Rokkan, som er DN-kommentator, men flyttar no tilbake til Bergen, så snart folkeregisteret innvilgar søknaden om å få bu på ulike stader.
– Eg gler meg til å flytte heim att til Bergen, det vil seie, når eg får lov.
Christine Meyer seier Mæhle helst skulle ha starta i jobben «for fleire veker sidan».
– Eg er trygg på at Jacob kjem til å gå inn i stillinga med både energi, positivitet, og med innstillinga og evnene som skal til for at byens økonomi er i trygge hender, seier Meyer.
Ho vil ikkje kommentere kor mange ho har spurd om å bli finansbyråd før Mæhle sa ja, men seier til NRK at han var høgt oppe på lista.
– Han er ein mann som likar å ta på seg store utfordringar, og det har han no fått, seier byrådsleiaren.