Ein 42 år gamal mann er sikta for drap etter ei hending mellom to tilsette ved eit slakteri i byen Holsted i Danmark.
Det skriv Syd- og Sønderjyllands Politi skriv i ei pressemelding.
Det var torsdag føremiddag at ei hending mellom dei to mennene enda med ein av dei blei skada. Mannen døde deretter av skadane.42-åringen er sikta for drap.
Ifølgje danske TV 2 skal mannen ha blitt pågripen i ei anna kommune enn der hendinga skjedde.
Sjefen for selskapet Danish Crown Beef seier at at hendinga er grusomt tragisk.
Politiet er framleis på staden og etterforskar hendinga.