I protest mot at Sogndal kommune ikkje heiser pride-flagget i juni, har sogndølar no teke til motmæle. Dei flagga difor ulovleg ved kommunehuset i kveld – og om lag 100 personar møtte opp for å få med seg markeringa.
Det var i førre veke at formannskapet bestemte at dei berre vil flagge under pride-markeringa deira i august. Men dette synest ikkje Kari Hole, som arrangerte flagginga, er nok.
Ho seier det er viktig at kommunen syner at Sogndal er ei bygd for alle- uansett.