Like over klokka 20:00 tysdag kveld melde 110-sentralen Vest på X at ein seilbåt muligens hadde gått ned i Kvernafjorden i Alver kommune, nord for Bergen. Båten skal ha havarert nord for Bergen, melde dei.
Klokka 20:05 seier HRS Sør-Noreg til NRK at dei antar at det er snakk om feilobservasjon.
– Dette antar vi er ein feilobservasjon. Melder har sett dette på avstand, og har synest dette har sett merkeleg ut. Men, så har denne seglbåten forsvunne bak ein holme og inn i eit sund, seier Cecilie Øversveen i HRS.
Vest politidistrikt skriv på X at dei er i område, men ikkje har observert noko seglbåt. Dei skriv også at dei sjekker om båten kan ha kome seg til ei brygge i nærleiken.
Brannbåtar med redningsdykkarar er på veg til staden.