Fem timar før meklingsfristen mellom LO Stat/Norsk Tjenestemannskap (NTL) og Spekter ser riksmeklaren positive teikn til å unngå streik på norske lufthamner.
– Eg har trua på at partane blir einige i kveld, seier riksmeklar Mats Ruland til NRK.
Riksmeklaren minner likevel om at det er ein del å jobbe med utover kvelden og at det også er ein reell fare for konflikt.
Om partane ikkje blir einige før fristen midnatt, vil 140 Avinor-tilsette bli teken ut i streik frå onsdag kl. 12.
Det vil føre til store konsekvensar på fleire flyplassar i Noreg.