Hans Majestet Kongen har forfremja forfattar Jon Fosse til Storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
Fosse er frå Hardanger, og er blant dei mest spela nolevande dramatikarane i verda. Han har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I fjor fekk han også Nobelprisen i litteratur.
I 2005 vart Fosse utnemnd Kommandør av St. Olavs Orden.
– Den Kongelege Norske St. Olavs Orden blir tildelt som «påskjønning for utmerkte fortenester for Noreg og menneskeslekta», skriv Kongehuset på nettsidene deira.
Dekorasjonen blir overreket ved eit arrangement i Det norske Samlagets lokale i Oslo, torsdag 20. juni.