Tillitsvald for sjukepleiarforbundet på Sandnes legevakt er kritisk til leiinga ved legevakta, skriv Sandnesposten. I eit brev til kommunen skriv ho om ein fryktkultur på arbeidsstaden, der tilsette gruar seg for å ta opp saker, og seie seg ueinige med leiinga. Leiinga på Sandnes legevakt avviser dette. Brevet blei sendt i starten på februar og det har ennå ikkje kome noko svar frå kommuneleiinga, men det pågår møter seier Elin Selvikvåg, som er direktør for Helse og Velferd.