Fleire politipatruljar leita laurdag ettermiddag etter ei jente (8) som ikkje kom heim etter at ho litt før klokka 14.30 skulle handle på Fanatorget før ein piknik med faren.
– Jenta har kome til rette, opplyser innsatsleiar Øystein Magnussen i Vest politidistrikt til NRK klokka 17.15.
Det var ein forbipasserande mann som observerte jenta syklande i Steinsvikveien etter at leiteaksjonen vart offentleg kjend.
– Han tok hand om jenta og varsla politiet. Ho er i fin form, seier Magnussen.
Han seier jenta var uvitande om leiteaksjonen, og at ho rett og slett hadde starta å sykla medan faren gjorde seg klar til piknikturen.
Det var klokka 16.19 at politiet melde om den sakna jenta.
– Ho har vore borte nokre timar, så no må vi trykke på den store knappen, sa operasjonsleiar Morten Rebnord til BA like etter.
Det blei leita i området Fanatorget, Sandsli og Skranevannet.
I tillegg til hundeekvipasjar frå politiet, kalla politiet kalla ut hjelp frå Røde kors og Norsk folkehjelp og Norske redningshunder.
Både dei frivillige organisasjonane og Bergen brannvesen hjelpte til med drone.