Fleire politipatruljar leitar etter ei jente (8) som ikkje kom heim etter at ho litt før klokka 14.30 skulle handle på Fanatorget før ein piknik med faren, melder Vest politidistrikt.
Det blir leita i området Fanatorget/Sandsli/Skranevannet.
Jenta har rosa hjelm, lyst hår, lilla boblevest, sennepsgul hettegenser, rosa joggesko, og sekk dekorert med ei stor kanin.
Politiets tipstelefon er 47 69 60 60.
– Ho har vore borte nokre timar, så no må vi trykke på den store knappen, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til BA.
Politiet kallar ut hjelp frå Røde kors og Norsk folkehjelp, og Norske redningshunder og Bergen brannvesen hjelper til.