USAs president Joe Biden skal onsdag signera ein presidentordre som tar sikte på å sikra moglegheita for abort. Det melder både The Guardian og CNN.
Ordren kjem etter at USAs høgsterett fjerna den konstitusjonelle retten til abort.
Avgjerda betyr at retten til sjølvbestemt abort ikkje er beskytta nasjonalt. Det er dermed opp til kvar delstat å avgjera.
Gjennom presidentordenen pålegg Biden det amerikanske Helse- og omsorgsdepartementet å vurdera støtte til pasientar som reiser ut av USA for å ta abort. Per i dag dekker statleg subsidierte Medicaid-forsikringar berre abortar som er nødvendige av medisinske årsaker i 16 av dei 50 delstatane, ifølge The Guardian.
I tillegg ber presidenten helseministeren Xavier Becerra om å vurdera alle passande handlingar for å sikra at helsevesenet følg dei føderale lovane mot diskriminering, slik at kvinner får den helsehjelpa dei treng, utan forseinkingar, skriv CNN.
Føderale etatar er plikta til å følga opp ein presidentordre.
Det er venta at ordenen vil få kritikk for å ikkje gje nok detaljar om korleis og når abortrettane vil bli beskytta, skriv The Guardian.