Eit nytt vulkanutbrot har starta i vulkanen Geldingadalir på Fagradalsfjall nær Reykjavík på Island, melder den islandske radiokanalen RUV.
Den siste tida har det blitt observert fleire mindre jordskjelv i området.
Utbrotet er bekrefta av naturfareekspert Einar Hjörleifsson ved Islands meteorologiske institutt, som først blei merksame på utbrotet rundt klokka 13.30.
Ifølge Hjörleifsson er det for tidleg å seia kor stor aktivitet det er.