Tollvesenet i Finland har oppdaga og stansa fleire reisande som fraktar dronar og anna sanksjonert utstyr over grensa til Russland, melder AFP.
Blant 2500 kontroller mellom 22. og 27. juli dukka det opp rundt 100 slike saker, melder tollvesenet.
I ei utsegn står det at omtrent 20 av desse sakene er under innleiande gransking. Dei har mellom anna funne forskjellige luksusvarer som er på EU si sanksjonsliste, samt gods som kan ha brukast militært.
– Det har også vore dronar og anna utstyr me ikkje kan kommentera på for augneblinken, fortalde tolldirektør Mikko Gronberg til AFP.
Ei aukande mengde russiske turistar i Finland har ført til misnøye blant folk. Opposisjonen har føreslått å setta ein stoppar for turistvisum for russarar, noko president Sauli Niinistö skal diskutera med regjeringa på torsdag.