Den tidlegare pastoren Helge Fossmo blir sett fri på prøve. Han blei dømd for å ha medverka til drap og drapsforsøk i den svenske tettstaden Knutby i 2004.
I 2019 blei dommen gjort om til ei tidsavgrensa straff på 26 år. Etter å ha sona to tredelar av straffa, kan ein i Sverige bli sett fri på prøve.
Fossmo fekk i fjor innvilga søknaden om prøvelauslating, og blei i april flytta til ein institusjon som skulle gjere han klar til livet utanfor murane, meldte Aftonbladet.