Skip Steffen Walstad og hans lag runda av OL-kvalifiseringa i curling med å slå Nederland 8–5 torsdag. Dermed gjekk dei norske gjennom turneringa utan tap, og var OL-klar alt før dagens kamp.
Skip Walstad og hans lagkameratar leia 3–0 etter tre omgangar, og deretter såg dei seg aldri tilbake.
Forutan Walstad spelar Torger Nergård, Markus Høiberg og Magnus Vågberg for det norske laget. Magnus Nedregotten er reserve.
Frå før er Sverige, Storbritannia, Sveits, ROC (Russlands OL-komité), USA, Canada og vertslandet Kina OL-klare.
Italia, Tsjekkia og Danmark er vidare til kvalifiserings-omspelet, der tre lag skal kjempe om dei to siste Beijing-billettane.
Curlingturneringa i OL skal spelast frå 9. til 19. februar.