Tenestepliktige frå Sivilforsvaret skal no bidra til og støtte helsepersonell i samband med koronaprøver i Kristiansand sentrum og Vågsbygd i Agder.
I Sel kommune i Gudbrandsdalen skal Sivilforsvaret assistere kommunen med å få unna vaksinering. Personellet vil få naudsynt opplæring.
Sivilforsvaret har i dag om lag 8000 tenestepliktige menn og kvinner som alle er kursa innan sanitet, redning og brann. Normalt sett blir Sivilforsvaret brukt i til dømes leiteaksjonar eller skogbrannar.
Men lova opnar også for at personell kan brukast i andre former for sivile kriser i fredstid.
I ein tidlegare versjon av denne meldinga stod det at personellet skal analysere prøvane. Det rette er dei skal bistå helsepersonell i samband med analysane.