På COP26 klimatoppmøtet i Glasgow i ettermiddag kom Kina og USA med ein felles erklæring. I den står det at dei to landa har forplikta seg til å samarbeide om å styrke gjennomføringa av Paris-avtalen, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Erklæringa heiter «Enchancing climate action in the 2020s» og forplikta landa til å utvikle langsiktige strategiar for å nå målet om netto null utslepp, skriv BBC.
Kina sin øvste klimaforhandlar Xie Zhenhua, seier at dei to landa forpliktar seg til konkrete tiltak for å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.
USA og Kina har no lova å lage arbeidsgrupper som skal møtast jamleg for å diskutere klimaløysingar.
USA sin klimaambassadør John Kerry seier at sjølv om dei to landa er forskjellige, er det å samarbeide om klima den einaste måten for å få jobben gjort og eit riktig steg å ta.