16 av dei australske OL-deltakarane får dobbel karantene ved heimkomsten, og må sitje inne i 28 dagar.
Det er delstaten South Australia som krev karantene for innreise, også frå andre deler av Australia.
Heile den australske troppen på rundt 500 personar må i 14 dagars karantene, slik alle som reiser inn i landet må.56 av utøvarane er frå South Australia, og 16 av dei hadde ikkje direktefly til delstatshovudstaden Adelaide, men måtte byte fly i Sydney.
Derfor må dei først 14 dagar i karantene i Sydney, og deretter nye 14 dagar når dei flyr vidare til heimstaten, skriv nyheitsbyrået AFP.
Heile troppen var fullvaksinert før avreisa til Tokyo.
Det får Australias OL-president til å reagere.
– Andre land hyllar sine medaljevinnarar når dei kjem heim. Vi gir dei den mest vonde mottakinga vi kan, som takk for at dei stolte representerte nasjonen vår, seier Matt Carroll.
Han er urolieg for den mentale helsa til utøvarane, meiner dei ia alle fall bør få sleppe dei ekstra to vekene.
Australia tok 17 gull i Tokyo-OL.