Добавить новость
World News


Новости сегодня

Новости от TheMoneytizer

Enormt bra på sitt beste

NRK.no 

Snart to år har passert sidan det Oslobaserte indie-orkesteret Benedikt albumdebuterte med «Communal Work». Ein absolutt godkjend debut, meinte musikkpressa, som let seg imponere av det ferske folk-bandet. Likevel var det også semje om at Benedikt framleis hadde litt å gå på før dei fann seg sjølve.

Ein hyppig nemnt styrke var bandet si evne til å skape melankolske og organiske lydbilete gjennom akustiske instrument og vokalharmoniar, noko bandet ser ut til å ha tatt til seg.

På oppfølgaren «Balcony Dream», står nemleg Benedikt fram som meir sjølvsikre, og vier all tid til å utforske nettopp denne sida av seg. Resultatet er eit mørkt, introvert og tidvis direkte vakkert innblikk i vokalist og låtskrivar Hans Olav Settem sitt univers.

Eit personleg og regntungt univers der sentimentaliteten rår.

Kontrast mellom topp og botn

Sjølv om ikkje alt det tekstlege er like enkelt å få grep om, gir det personlege aspektet ytterlegare tyngde til dei mange melankolske melodilinjene. «Alle» kan sette ein trist tekst til ein trist melodi, men det treff litt meir når det kjenst genuint.

Denne kombinasjonen eksemplifiserast særleg på albumets sterkaste låtar, som til dømes «Head on a Spike» og Tuvaband-samarbeidet «My Killer».

Diverre har dei fleste album også dei låtane som ikkje landar heilt, og «Balcony Dream» er ikkje eit unntak. Til dømes kjenst temposkiftet i refrenget til «In the Mirror» noko malplassert, og verkar meir som eit forslag frå ei demoinnspeling enn noko anna. Det fell litt mellom to stolar.

Heller ikkje «Waltz» og nesten-psykedeliske «Strawberries» når heilt opp, verken melodisk eller i gjennomføring. Eg forstår kvar Benedikt forsøker å gå med sistnemnde, men trur den ville passa ei meir tradisjonell psych-innpakning betre.

Det hjelp heller ikkje at alle dei tre låtane er omgitt av langt meir solide spor. Sjølv om dette ikkje er dårlege låtar kvar for seg, er ikkje kontrasten i deira favør.

Velprodusert

Uavhengig av kvaliteten på enkeltlåtar, er albumet samla sett behageleg å høyre på, mykje takka godt studioarbeid av Settem.

Gjennom heile albumet ber soundet preg av at han sit på ein heilt tydeleg visjon om kva han vil albumet skal vere, og legg seg tett opp til uttalte inspirasjonskjelder som Sufjan Stevens.

TYDELEG VISJON: Hans Olav Settem veit kvar han vil med Benedikt. Foto: Marit Thorsvik.

Med ni bandmedlem og alle mogelegheitene det byr på, kan det vere lett å miste fokus. Likevel kjem visjonen først, og det er svært sjeldan at han ikkje meistrar dynamikken mellom å halde igjen og å la komposisjonane fylle heile lydbiletet.

Eit komplett, akustisk arrangement er som regel fint, men det vert ekstra fint når det får tid og rom til å bygge seg opp. Det har Benedikt skjønt.

Bra, men ujamnt

Det er eigentleg ingenting som er veldig svakt med «Balcony Dream». Det er både forseggjort og fordøyeleg, og på sitt beste er det heilt enormt bra.

På den andre sida tydeleggjer dei høge toppane den nemnde kontrasten mellom albumets sterkaste og meir anonyme spor, særleg ved fleire gjennomlyttingar.

Kanskje er det litt strengt, men det heilskaplege sluttproduktet vert hakket for ujamt til å ta steget opp frå å vere «berre» eit godt album. Men det er ikkje så langt unna.

Om debuten bar preg av at Benedikt ikkje hadde funne seg sjølve enno, er dei på rett veg no. På «Balcony Dream» viser dei fleire gonger at dei har det i seg å skape magi når dei verkeleg vil.

Читайте на сайте


Smi24.net — ежеминутные новости с ежедневным архивом. Только у нас — все главные новости дня без политической цензуры. Абсолютно все точки зрения, трезвая аналитика, цивилизованные споры и обсуждения без взаимных обвинений и оскорблений. Помните, что не у всех точка зрения совпадает с Вашей. Уважайте мнение других, даже если Вы отстаиваете свой взгляд и свою позицию. Мы не навязываем Вам своё видение, мы даём Вам срез событий дня без цензуры и без купюр. Новости, какие они есть —онлайн с поминутным архивом по всем городам и регионам России, Украины, Белоруссии и Абхазии. Smi24.net — живые новости в живом эфире! Быстрый поиск от Smi24.net — это не только возможность первым узнать, но и преимущество сообщить срочные новости мгновенно на любом языке мира и быть услышанным тут же. В любую минуту Вы можете добавить свою новость - здесь.




Новости от наших партнёров в Вашем городе

Ria.city
Музыкальные новости
Новости России
Экология в России и мире
Спорт в России и мире
Moscow.media










Топ новостей на этот час

Rss.plus