Regjeringa skal kartleggja dei helsemessige konsekvensane av pandemien og vil få på plass målretta tiltak i kjølevatnet av pandemien. – Nokre vil stå att med konsekvensane av pandemien lenger enn andre. Nokre vil ha helseproblem etter gjennomgått sjukdom. Nokre born har vore utsette for vald i heimen. Nokre vil henga etter på skulen. Nokre vil ha psykiske helseutfordringar. Andre vil ha problem med å skaffa seg jobb, seier ho. Solberg seier at regjeringa sitt mål er at ingen skal stå igjen åleine om utfordringar som er knytte til pandemien.