West Bromwich slo Brighton 1-0 i Premier League i dag, men det var Brighton som kom i fokus.
Først gav Kyle Bartley WBA ei tidleg leiing.
Så sette Brighton ein straffe i tverrliggaren. Deretter fekk dei eit mål annullert etter mykje VAR, om og men. Lewis Dunk sende eit frispark i mål. Men dommaren annullerte først, så godkjende han det. Så sjekka han VAR, og annullerte igjen.
I andre omgang fekk Brighton straffe på nytt, men endå ein gong enda det i metallet.
For heimelaget var poenga viktige i nedrykkskampen, medan Brighton missa sjansen til å ta eit steg unna nedrykksstriden.