Eit militært russisk fraktfly har forlate Syria og har kurs for Libya. Det får nyheitsbyrået Reuters opplyst frå ei kjelde i syrisk sikkerheitsteneste.
Fredag viste òg satellittbilete stor aktivitet på den russiske militærbasen i Latakia, der russisk flyvåpen og marine har heldt til.
Russland har vore ein viktig støttespelar for det styrta regimet til tidlegare president Bashar Al-Assad.