Det er fleirtal i det sørkoreanske parlamentet for å stilla president Yoon Suk-yeol for riksrett. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.
Statsminister Han Duck-Soo vert fungerande president, skriv Reuters.
Dette er det andre forsøket til opposisjonen på å stilla Yoon for riksrett, etter at han erklærte militær unntakstilstand i landet for to veker sidan. Unntakstilstanden vart oppheva kort tid etter.
Før avstemminga skildra opposisjonsleiaren presidenten som den største risikoen for landet.
Opposisjonen trengte eit fleirtal på to tredjedelar for å stilla presidenten for riksrett. 204 av 300 medlemmar stemte for riksrett, skriv Reuters.