Det er nobelvinnarar i hovudsak innan medisin, kjemi og fysikk som har gått saman i eit skriv til det amerikanske Senatet.
Dei ber om at Robert F. Kennedy Jr. ikkje blir godtatt som helseminister under Donald Trump.
Prisvinnarane meiner Kennedy ikkje er egna til å ha øvste ansvar for amerikanarars helse.
Dei viser til Kennedys skepsis til tradisjonell medisin og vaksinar.