Ein mann i 20-åra vart i går kveld arrestert i bergensområdet. Han er sikta for ei valdtekt som skal ha skjedd tidlegare i haust. Politiadvokat Eli Andrea Skaar seier til Bergensavisen at mannen er sikta for valdtekt. Den fornærma er ei kvinne seint i tenåra. Den fornærma skal ikkje ha visst kven den antekne gjerningspersonen var, og difor tok det tid før nokon vart arresterte. Skaar. seier politiet har jobba ei stunde med ukjent gjerningsperson, men at dei no meiner dei har rett mann.