Det var ei propanflaske på ein gassomn som førte til ein brann i Herøy i 21.40-tida i kveld.
Gassomnen stod i ei stove då den byrja å brenne, men dei som var i bustaden fekk flytta flaska ut på ein veranda. Det fortel Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet.
– Ei kvinne skal ha fått brannskadar på ei hand i samband med dette og får behandling på legevakta.
Propanflaska blei ståande på verandaen til brannvesenet kom til staden.
Det er uklart kva som er årsaka til brannen.