Maksprisen for fulltidsplass i barnehage blir senka frå 3050 til 3000 kroner i framlegget til statsbudsjett, seier kunnskapsminister Tonje Brenna til Dagbladet.
NRK har tidlegare meldt at regjeringa foreslår å gjere barnehage gratis for alle som bur i Finnmark og Nord-Troms. Prisendringa skal gjelde frå 1. januar og regjeringa vil også at familiar med tre barn skal få gratisplass for det tredje barnet.