Det stod lenge mellom tre lag på 12-timarsstafetten på Blinkfestivalen søndag. Til slutt var det Team Koteng, med Astrid Øyre Slind (bildet), Stian Hoelgaard, og Torleif Syrstad som var sterkast. Dei vann framfor Team Nordic Athlete og Team Ragde. Men det var lenge jamt mellom desse tre laga, og det var ikkje før det stod att to rundar at Hoelgaard stakk av frå dei øvrege laga. Han fekk ei komfortabel luke, og kunne juble med sitt lag etter 12 timar på rulleski.