Fabio Jakobsen, som på onsdag var involvert i ein stygg velt på den første etappen av Polen rundt, har no vakna frå kunstig koma. Det skriv rittarrangøren på Twitter. – Vi har gode nyheiter frå sjukehuset i Sosnowiec! Fabio Jakobsen er no vaken frå koma. Tilstanden er god, skriv dei i meldinga.