Arrangøren av VM i landevegssykling 2020 utelukkar ikkje at rittet står i fare for å bli kansellert. Dette kjem fram i ei pressemelding fredag. På onsdag skal forbundsrådet i Sveits offentleggjere dei nye føderale virustiltaka i landet. Basert på kva som kjem fram her kan meisterskapet blir avlyst. I pressemeldinga kjem det fram at dei er avhengige av at virusrestriksjonane blir letta på, for å kunne halde arrangement med meir enn 1000 personar til stades. Virussituasjonen i andre land må det også bli teke omsyn til. Etter planen skal VM i landevegssykling arrangerast i Aigle og Martigny i Sveits frå 20. til 27. september.