Bent Høie fortalde på regjeringas pressekonferanse fredag at ein ikkje opnar for breiddeidretten i Noreg frå 1. september. – Vi opnar ikkje for kampar og konkurransar for vaksne i breiddeidretten frå 1. september. Vi kan ikkje ta sjansen på å miste kontrollen no, seier helseminister Bent Høie.