Chelsea, med Maren Mjelde, Maria Thorisdottir og Guro Reiten i stallen, sesongopnar med bortekamp mot Manchester United komande sesong. Trioen var med på å vinne serien førre sesong, og oppgåva med å forsvare tittelen startar etter planen 6. september. Denne runda får vi også ein norsk duell når Tottenham og Aurora Mikalsen møter London-rival West Ham og Cecilie Redisch Kvamme. For Amalie Eikeland og Kristine Leine i Reading ventar det ein heimekamp mot Arsenal i sesongens første kamp, medan Cecilie Fiskerstrand og hennar Brighton møter Birmingham. Noregs nyaste englandsproff, Ingrid Moe Wold, kan få sin debut for Everton, når dei møter Bristol City i sesongopninga.