Det gjekk galt i spurten i Polen rundt då Fabio Jakobsen og Dylan Groenewegen kjempa om sigeren i Polen rundt. Groenewegen pressa Jakobsen inn i reklameskilta og ut av løypa berre meter før målstreken. Nederlandske Jakobsen velta over reklameskilta og mot ein fotograf som stod under målseglet. Rekkverka som var ved målstreken enda opp i vegen, og utløyste fleire stygge velt. Tilstanden til syklistane og fotografen er foreløpig ikkje kjent. Det har heller ikkje blitt publisert nokon offisielle resultatlister frå rittet. Groenewegen passerte målstreken først, men kan risikere å bli deplassert på bakgrunn av hendinga.