Komande sesong vil Premier League gå tilbake til å berre tillate tre bytter per kamp. Dette kjem fram etter ein avstemming mellom dei 20 klubbane, melder BBC. Sidan oppstarten etter koronapausen, har det vore mogleg å gjere fem bytter i løpet av ein kamp, fordelt på tre avbrot i spelet. Det har gjort at ein mellom anna opplevde at Norwich gjorde eit kvadruppel-bytte i kampen mot West Ham i juli. Fleire av dei minste klubbane meinte at dette gav toppklubbane med breiare stallar ein fordel. Derfor går Premier League tilbake til tre bytter frå og med komande sesong.