TV 2 erfarer at Carl Fredrik Hagen frå og med neste sesong blir lagkamerat med Chris Froome og André Greipel i Israel Start-Up Nation. Det er venta at klubben sjølv vil stadfeste overgangen i løpet av neste veke. Hagen skal sykle for Lotto Soudal resten av årets sesong, der Giro d'Italia i oktober er hans store mål.