Årets Landsskyttarstemne er avlyst, men i staden blir «heime-LS» arrangert på mange av skytebanene omkring i landet frå 1. til 11. august. Det frivillige skyttervesen håpar på rundt 5000 deltakarar, altså omtrent like mange som på eit vanleg landsskyttarstemne. Den beste skyttaren i desse stemna får plass saman med 58 utvalde skyttarar i «meistermøtet» 13. august. Mellom dei er alle skyttarkongane, dronningane, prinsane og prinsessene frå dei siste 20 åra, melder Norsk Skyttertidende. Meistermøtet blir sendt direkte på NRK.