Sveitsisk påtalemakt har gitt politiet løyve til å etterforske FIFA-president Gianni Infantino på grunn av eit hemmeleg møte han skal ha hatt med den sveitsiske riksadvokaten Michael Lauber. Også Lauber vil bli etterforska. Påtalemakta meiner det er grunn til mistanke om kriminell åtferd i møta, og knyter det til påstått korrupsjon i FIFA. Lauber trekte seg frå jobben sin i førre veke, etter at ein rett hadde slått frast at Lauber hadde prøvd å dekke over møtet han hadde hatt med FIFA-presidenten i 2017.